Billettar

Trykk på bilete av artist for å kjøpe billett!!

JOLASHOW MED VINSKVETTEN OG TWANG GANG & BERIT HÅPOLDØY

9. desember i Osterøyhallen

NB: 18 års aldrersgrense

Ei helsing frå karane sjølv:

No er det veldig lenge sida me har spelt på Osterøy. Vi må vel tilbake te dei dagar då Bertel var svart i håret, Belberten frisk og rakrygga og urinsyregikt var ein sjukdom ingen av oss hadde hørt om. Mange år altså. Litt rart i grunnen sida me i Rothålå føler oss sterk knyta, ja nærmast i slekt, med folk som bur på «Øyne».

For tida driv vi karane på å lage nye songar. Arbeidet går som vanleg usedvanleg treigt. Men innimellom reiser vi ut og spelar. Då spelar vi stort sett da so folk vil ha. Å ka è da folk vil ha? Da so vi spela. So enkelt è da.

Vi gler oss te å komma. Sett av datoen då, 9. desember.

Denne kvelden har ingen ende for etter Vinskvetten, spelar Berit Håpoldøy og Twang gang opp til dans!

Etter 22 år på vegen har Erlend Styve og gutane i rockabillytrioen frå Voss funne ut at dei treng litt kjønnsbalanse i bandet. Då var Berit den fyrste dei tenkte på. Gullrøysta frå Herdla som har millionar med streams var ikkje vond å be.

Resultatet er at den hardtswingande trioen no blir dytta lengre mot countrysjangeren og samtidig har beina godt planta i den tidlegaste rocken. Dei leverer eit godt knippe eigne låtar, men kjenner og ansvaret på å vidareformidla arven frå 50 og 60 talet. Dette fungerer like godt på konsert som det gjer på dansegolvet. Dette vil du ikkje gå glipp av!